top of page

LITTERÆR PÅMINNING #13 - JAN MAGNUS BRUHEIM

LITTERÆRE PÅMINNINGAR XIII: JAN-MAGNUS BRUHEIM


I boka Nærgåande skisser (2011) skreiv Erling Lægreid at vi ikkje må gløyme forfattaren Jan-Magnus Bruheim:


No er det på tide å ta han fram igjen. Han har mykje å fortelje som mange treng i ei tid som denne (…) Ein diktar som leita etter livsens sanning med grokraft, har ikkje store sjansar i dagsens hylekor, han må takast vare på. Eg likte Jan-Magnus.


Det er lett å vere samd med Lægreid.


Eit biografisk riss

Jan-Magnus Bruheim vart fødd 15. februar 1914, i Lundagrend, Skjåk. Han

hadde lite formell skulegang, eller «kjøpevit» som han sa, men han var likevel folkeskulelærar i nokre år (1957-1961). Bruheim debuterte som forfattar i 1941, og var skrivar på heiltid frå 1961. Frå 1978 til 1985 budde han i Botnane i Ytre Sunnfjord. Jan-Magnus Bruheim døydde 10. august 1988.


Dikt for barn

Bruheim skriv ikkje berre for vaksne lesarar. I 1956 kom første diktsamlinga for barn: Skrythøna og andre barnerim. Seinare kom det 11 slike samlingar til, alle illustrerte av fine kunstnarar. Derfor er Bruheims diktbøker for barn også bildebøker. I dei første barnebøkene blømer fantasien, i dei seinare vart det lagt meir vekt på bodskapen.


Fellesskapet var viktig for Bruheim, derfor såg han også så godt dei som fall utanfor. Han er ein av dei første som skreiv om det vi i dag kallar mobbing. I våre dagar snakkar vi ofte om kor viktig det er å bli sett av andre. Bruheim skreiv om dette for mange tiår sidan.


Jan-Magnus Bruheim er ein dei mest premierte barnebokforfattarane i Noreg. Åtte av barnebøkene hans fekk utmerkingar frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Bruheim sjølv var sterkt oppteken av denne delen av forfattarskapen :


Eg tek diktinga for ungar like alvorleg som det andre. Det har ungane krav på. Eg trur at ungane forstår meir enn det vi vaksne kan tenkje oss (…) Det er like vanskeleg å skrive dikt for ungar. Det skal vere ei meining i dei. Ungane skal ha noko att for å lese dei. Det ser kanskje lett ut, men det

skal det ikkje vere. (Berthelsen 1985)


Eit særmerke med Bruheim er at han stundom vender seg direkte til den unge lesaren og spør kva han eller ho trur og tenkjer om det diktet nettopp har vist fram. Slik oppmodar diktet og diktaren til vidare ettertanke.


Lyrikaren

Frå debuten i 1941 med Stengd dør til han døydde i 1988 gav Jan-Magnus Bruheim ut 18 diktsamlingar for vaksne.


For mange er Bruheims namn knytt til dikt om sterke kjensler: kjærleik, lengt, einsemd, isolasjon. Mange dikt handlar om kjærleiksdraumen, lengten mot – eller etter – eit menneske å dele livet med. Men ofte fortel dikta oss at det er vanskeleg å nå ut – eller inn – til andre menneske. I mange av Bruheims dikt handlar det om samkjensle med alle menneske, verda rundt: Vi er alle del av, og har ansvar for, ei truga verd.


Bruheim sine dikt er ofte bygde opp kring kontrastar, som røyndom og draum, lengsel og vonbrot, einsemd og fellesskap, draum og håp, vekst og undergang, avgrunnar av håpløyse mot trassig tru på det gode. Gjennom alle tiår fortel dikta om ei sterk tru på dei gode kreftene i menneska, gjerne personifisert ved kvinna og barnet. Bruheim ber fram eit optimistisk livssyn - trass alt, kunne vi legge til. Gjennom heile forfattarskapen heldt Jan-Magnus Bruheim fast i trua på dei byggjande kreftene i menneska.Ved sida av dette: ei sterk ansvarskjensle, og ei like sterk understreking av at einsemda som råkar menneska må tolast.


Etter kvart slår samtida sterkare inn i dikta, dei vonde undergangskreftene vert synlege: krigshandlingar, atomtrugsmålet, urettferda i verdssamfunnet.


I eit intervju med Johs Myhren (Årbok for Gudbrandsdalen 1987 får Bruheim spørsmålet: «Er du ein samfunnsopprørar, Jan-Magnus?» Diktaren svarar:


Eg strir mot det eg meiner er urett og vanvit i samfunnet i dag. Denne uretten ser eg i eit globalt perspektiv. Eg var den første av norske forfattarar som skreiv om atombomba, og eg er tilhengjar av fredsrørsla og nei til atomvåpen. Naturvern er ei anna sak eg strir for. Likesæla rår mellom dei vaksne, og eg vil prøve å vekkje dei. Fleirtalet av barna derimot går imot atomvåpen, dei er for fred og naturvern og strir for ideala sine. Dei forstår intuitivt kva for krefter som trugar verda i dag. Og eg for min del kan ikkje få inn i hovudet mitt at det skal vere naudsynt å leggje alle elvar og fossar i dette landet i røyr. Dersom striden mot alle tynande krefter er samfunnsopprør, ja, da er eg opprørar.


:


Prosadikting

I tillegg til den lyriske forfattarskapen for barn og unge gav Bruheim ut sju prosasamlingar. Sjølv sa han at Brevet til kjærleiken (1976) var den av eigne bøker han sette høgast. Bruheim skreiv prosatekstar i mange blad, årbøker og aviser, og i mange sjangrar: essay, artiklar, epistlar, ferdabrev.


I prosabøkene finn vi mellom anna forteljingar frå barndom og oppvekst, samtidskommentarar og tankar om dikting og kunst. Ofte finn vi ordtaksliknande formuleringar, som fortel om livsrøynsle og livsvisdom:


«Sumtid treng ein å ha nokon å teia saman med».


«Aldri kjenner ein seg så hjelpeslaus og åleine som når ein er saman med mange».


«Kor stilt ville det ikkje bli ikring oss, um alle tenkte seg um før dei sa noko».


«Vi blir ikkje fødde i flokk, og døy må vi ein og ein. Ingen kan gjera det for oss.

Difor må vi kunne øve oss upp til einsemd».


«Vi skriv livet sjølve. Ein annan set punktum for oss.»


(Alle frå Broren, 1970)



UM Å BERA


Skapte er vi te bera,

og lette børene for kvarandre.

Til fånyttes lever ingen. –


Men våre eigen bører

skal vi bera åleine.


Stor og verdfull er sorgi

som ikkje kann delast av andre.

Men fatigsleg, liti og arm er den glede

som du vil ha åleine.


Hjelpelaus er den

som ikkje har nokon å hjelpe,

og vera god mot.


Lik tre utan sevjestraum

turkast han inn - - .


Den mannen har tyngste børi

som ingen ting har å bera.


(På skålvekti, 1947)



PÅ SKÅLVEKTI


På eine sida av skålvekti ligg, klok av forstand, og kald, den store hjerne. Løyst i frå live. Øyder si kraft til det destruktive, – gjev seg demonen i vald.


Og jordi vippar mot avgrunnen. –


Ennå usulka, ung slekt gjev av din menneskevarme!

Legg ditt levande hjarte på andre skåli.

Alt som vil skapa!

Bikke det upp i jamvekt.


Og aldri skal menneska tapa!


(På skålvekti, 1947)


DEN EINE RØYSTI


Djupblå Parishimmel. Brennande sol.

Fortògskaféane fylte.


Folkestaumen renn gjenom gatene. Mange ber lange brød hastande heim til middags, hygge og helgefri.

I gatestøvet sit der ei kvinne kledd i armord. Eit lite barn på armen.

Den frie handi er retta ut mot dei som hastar forbi.


Aldri var nokon gong sedd ei tomare hand.

Aldri meir redde augo,

meir bivrande munn som bad.


Stanar og fumlar i lomma –

Brått kringrend av røyster som døyver den eine: Nei, nei, ans ikkje på ho! Ho berre sit der og gjer seg til.


Bøygjer deg ned, legg eit setel i handi hennar.

Stryk over det dunmjuke barnekinn.


Eller –

Bøygjer deg for dei andre, ned i den gråe dumba og går burt frå den tome handi.


– – –


Enno – så lenge etter, ropar ho deg attende den eine røysti, sterkare enn dei alle.


Audmjuk legg angeren setel på setel i handi hennar, til avlat for alle dei vi let vera å hjelpe.


Alt medan lengten

stryk og stryk over eit dunmjukt barnekinn.


(Lyrespelaren, 1977)



LITTERATUR


Berthelsen, Åsmund: «Slik eg har ynskt og vilja ha det», i Sogn og Fjordane magasin 5/1985


Eide, Ove: «Einsemd og draum, ansvar og fellesskap. Om Jan-Magnus Bruheims lyriske forfattarskap», i Jan-Magnus Bruheim: Dikt i utval (Skjåk kommune, 2014)


Lægreid, Erling; Nærgåande skisser, Samlaget 2011


Myhren, Johs: «Slik er Jan-Magnus Bruheim. Eit portrettintervju», i Årbok for Gudbrandsdalen 1987

Comments


bottom of page