LITTERÆR PÅMINNING #10 - KARI BAKKE

«Ein folkeleg og original forfattarskap som (…) minner om den sosiale harmen hjå Rudolf Nilsen, den varme samhug med småfolk hjå Alf Prøysen og den lyttande og utsorterande holdning til språket omkring oss hjå Jan Erik Vold.» Slik plasserte Einar Økland Kari Bakke i norsk litteratur, ein forfattarskap «…som berre ventar på å bli oppdaga og brukt av eit stort publikum» (forord i Gråspurven, 1974). Dette er ei dikting som «…stolt knyter handa i protest, indignasjon og harme. Dagnært og konkret.» (same stad)


Kari Frydenlund vart fødd i Lærdal 21. oktober 1908, og døydde 17. mai 1998. Etter folkeskule og folkehøgskule vart det halvårig handelsskule i Bergen, før ho reiste til Oslo, fekk seg huspost og tok Statens kurs for stortingsstenografar. I 1935 flytte ho til Hønefoss og blei der gift med forretningsmannen Olav Bakke. Ho heldt fram med kontorarbeid ved sida av å vere husmor.


Kari Bakke debuterte som lyrikar i 1959, 51 år gammal, med diktsamlinga Finnes du? Etter debuten kom det tre diktsamlingar til, med tekstar både på nynorsk og bokmål.


Frå 1960 skreiv Kari Bakke petitdikt i Dagbladet, under pseudonymet «Gråspurven». Dette er politiske og samfunnsengasjerte bruksdikt, inspirerte mellom anna av det ho opplevde gjennom media. Eit utval av desse tekstane vart gitt ut i 1974, med forord av Einar Økland.


I 1980 vann ho ei dikttevling som Sogn Mållag skipa til, med dikt på dialekt. Nemnda oppmoda henne om å skrive fleire slike, og ho så gjorde. Resultatet blei samlinga Fetang. Mennesje so mærkte me(1984).


Kari Bakke var feminist, og stod på den politiske venstresida: «Eg er langt til venstre politisk. Å få seg huspost 17 år gammal i beste Bærum, det var ein sikker måte å bli venstrevridd på.» (etter intervju i Sogn og Fjordane Magasin 1982).


For Kari Bakke var diktinga ein reiskap for å sjå verda betre, og ei kjelde til kunnskap om røyndommen. Ho meinte at som diktar hadde ho eit samfunnsansvar, og ho var optimist, med tru på at endring er muleg. Ho hadde ei sterk fellesskapskjensle, og la vekt på at vi skal vere opne, tolerante og undrande.


Kari Bakke si kveldsbøn, som vi alle kan be, uavhengig av tru og meiningar, var slik: Kari, prøv å late det beste i deg få overtaket.


EIT UTVAL DIKT AV KARI BAKKE. (Tre av dikta frå Fetang er her gjevne att i normalisert nynorsk målform)


Jeg tror


på de små villblomstene

De som vokser i dagenes

grøftekanter

De nedstøvede små


Disse avsidessmil

Jeg tror på deres krefter

på deres tålmodighet utenfor

Jeg tror på deres

strevsomme liv

ved asfaltkanten

at uten dem

ville asfalten bre seg

i våre innvoller

(frå Gråspurven, 1974)


SPOR I VATN


Du leitar etter kvinna sine spor gjennom tidene.

Leit i vatnet.


Leit i alle tårer som har rent frå tålige auge,

frå fortvila auge, frå oppgitte og trassige auge,

ja, frå hatefulle så vel som elskande auge.


Leit i alt vatnet

som har rent gjennom hendene hennar

når klæde vart tvetta i vaskestampane,

sulka påny

og tvetta i stampane om att og om att.

Leit i alle reinvassbøttene ho bar i åket.


Leit etter spora i alle oppvaskbaljane,

i alle golvvaskbøttene.

Leit i vatnet ved alle skylesteinane

ved elvar og grøver.


Ja, leit i vatnet

som har rent gjennom hendene hennar

– kanskje finn du ditt eige andlet.

(Sogn og Fjordane Magasin 4/1982)


GLEDA


Men så ein dag – ein mørkdæmd dag –

hende det seg at Vårherre kom gangande

og spurde kor det stod til.


Jau takk, sa eg, med meg er det berre bra,

men det er så mykje gale ute i verda

at det mest blir som ei synd med gleda.


Då smilte Vårherre så det klårna

over alle berg:

Så pass sterk lyt ein vera

at ein torer løfte gleda som eit lys her i verda.

Det var til det ho var tenkt, sa han.

(Fetang, 1984)


DEI STØRSTE STEINANE


Desse store steinane. Sprungne or fjell

lenge før me kom til.


I tanande flog og gneistresprut

før dei i siste byksi stupte i jord og stod.


Desse steinane er tidi i fast form.

Der sit ho kurande still og ser oss kome og gå.

(Fetang, 1984)



KORLEIS VÅRHERRE SÅG UT


Han Krestoffer var kroket og høgføtt og fregnet

med dei snillaste hendene me ungane visste om.


Han var det som kleiv urabjørkene når det skulle

lauvast, og kvista det som skulle kollast.


Han var det som hjelpte oss med tyngste kjerva,

og lærde oss å reise lauvstakane så dei turka.


Og han var det som bles på når me slo oss,

og let minsten få ri på nakken heimatt til dugurds.

Og aldri sa han: ha dokke unna, ungar.


I kvilda fortalde han om gamle dagar, og paste på

soli i Bøaskardet så me kom tidsnok ut att…


Hadde nokon spurt oss korleis Vårherre såg ut,

ville vi ha visst det med ein gong.

(Fetang, 1984)


Som nemnt ovanfor: I Fetang skreiv Kari Bakke på Lærdals-dialekt, slik som i desse to dikta:


IKKJE SÆTANDE


Han vell jædna stao pao ein go fot

mæ dei flæste,

mæn dæ kje allti han staor pao

samma foti


sa`o eigång om ein ho lite trudde


DÆ VA LETTARØ DAO


I minn ungdom

va dæ kjø arø utølampø æll maonø å sjådnø.

Naor me skuldø ut å gao va dæ ingøn so kundø sjao

kå me fånnø pao, so dæ va lettarø dao.


OM KARI BAKKE:

Jan Olav Fretland: «Det gjekk langt før motet rokk te postkassen», Sogn og Fjordane Magasin 4/1982

Anne Berit Klungsøyr: «Kari Bakke», i nettleksikonet allkunne.no

Einar Økland: «Forord» i Kari Bakke: Gråspurven, 1974