Search

LITTERÆR PÅMINNING #1 - BREIMS-SONGAR 1953

LITTERÆR PÅMINNING #1 : BREIMS-SONGAR 1953

Bygdesongar er populære i heile landet. Då NRK lyste ut konkurranse om Noregs vakraste by- eller bygdesong i 2004, kom det inn om lag 1000 songar. Eit utval vart trykte i boka Norsk by- og bygdesongbok (2007). Her er Breim representert ved Absalon Steinsaaker: «Du kjære heim». Denne songen er også med i Nordfjordsongbok som Nordfjordlaget i Bergen gav ut i 1922.


Bygdesongar er viser og vers som uttrykkjer kjærleik til heimbygda, folket og naturen. Dette er kollektive tekstar, tenkte til framføring i lyd og lag, som allsongar under møte, stemne og høgtider. Songane skal skape samhald og styrke fellesskapen i ei bygd. Derfor er det lite å finne av konfliktar og strid i slike tekstar, meir om verdiar som skal takast vare på.


Bygdesongane er ein viktig del av det vi med eit vidare omgrep kan kalle bygdedikting. Då tenkjer vi på all skrivinga som går føre seg i lokale samanhengar: Døme er tekstar i lagsblad og lokalaviser, i medlemsblad og kyrkjeblad, prologar, jubileumssongar, og sketsjar og viser til lokale revyar. I alle bygder finn vi mange skriveføre og litteratur-interesserte som gjennom slike kanalar har funne rom for skrivelyst og språkglede.


Slik har det vore i Breim og, men breimningane har noko så spesielt som ei eiga songbok. Breims-songar (1953) er tittelen, med tekstar skrivne av bygdefolk.


Det var Breim bondekvinnelag, ved leiaren Aslaug Øvreset, som gjorde opptak til det som skulle bli bok. Laget lyste ut konkurranse om beste breimssong, og sette opp kr 1000.- i premie til dei to beste bidraga. Alle hadde høve til å vere med. Det kom inn 17 songar, skrivne av 14 deltakarar. To av songane hadde med sjølvskrivne melodiar. Nemnda som gjekk gjennom songane gav førstepremien til Hans Myklebust og andre premie til Elias Skinlo.


Breims-songar Dei 14 forfattarane og songane deira er trykte i denne rekkefølgja i boka;

Hans Myklebust (1883-1958): «Sjå bygda vår» Elias Skinlo (1886-1975): «Kom lat oss syngja om heimbygda kjære» Ragna Rygg, f. Stubhaug (1901-1986): «No syng vi alle av hjartans trong» Ingebrigt Næss (1872-1963): «Vakre Breim, du mi bygd» Ingolv Bogstad (1882-1972): «Breim er vår bygd» og «Vår bygd er so fager» Inga Høylo, f. Nygård (1913-2011): «Fagre Breimsbygd, eg helsar deg» Brita Torbergsen, f. Egge (1877-1969): «Vi signar deg, du fagre» Kristina Sætre, f. Felde (1899-1970): «Kjære bygd» Olga Jordanger (1922-2012): «Her inne mellom fjell og fjordar» Absalon Steinsaaker (1880-1944): «Du kjære heim» Jenny Eide, f. Skrøppa (1899-1981): «Fagre Breim, barndomsheim» Einar Bogstad (1894-1979): «Av Guddomsvelde fram du stod» «Røyk stig blå frå åren» Brita Bergheim (1891-1973): «Breim vår bygd» «Kom syng vi ein song» Astrid Førde, f. Næs (1900-1990): «Du ligg som ei perle»


Forfattarane Vi ser at alle forfattarane var godt vaksne, som det heiter. Berre to var under 50 år, den eldste var 81 år. Gjennomsnittsalderen var nokså nøyaktig 60 år. Dei fleste, åtte av 14, er bønder, fire er lærarar, ein er sjukepleiar og ein er gartnar. Vi skal legge merke til at åtte av forfattarane er kvinner. Berre to av bidragsytarane har gjeve ut eigne bøker: Absalon Steinsaaker gav ut to diktsamlingar (1909 og 1923) og Ingebrigt Næss skreiv Bygselmenn i Breim (1955). Eit utval av Elias Skinlo sine tekstar, både dikt og prosa, vart gjeve ut i 1998.

Skrivarane er altså kvinner og menn som har hatt barndom og ungdom i siste del av 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Ikkje uventa er det dermed det gamle Breim som vert skildra, songane er hyllest-dikt til det Breim dei kjende frå yngre år.


Innhald

Breimssongar fortel tydeleg om kva for verdiar som stod sterkt i Breimsbygda, og i andre vestlandsbygder, tidleg på 1950-talet. Folk bur og arbeider i ei ramme av vakker natur, i eit bygdesamfunn som er tufta på slektenes trufaste arbeid gjennom generasjonar – og tru på ein vernande Gud. Fleire av dikta er takkesongar til den Gud som styrer alt, og som held si trygge hand over folket og bygda.

Songane fortel om eit harmonisk samfunn og ein livgjevande natur, i ei tid før sentralisering, rasjonalisering og fråflytting frå bygdene. Berre i to dikt høyrer vi om traktorar og moderne teknologi. Det bildet av breimningane som stig fram frå sidene i songboka, er prega av nøysemd, gudsfrykt og trottig arbeid. Ein sentral bodskap er: Ta vare på bygda og ber arven frå slektene før oss ut i verda: «Og arven er norskdom i heim og i kyrkje/ i tale og framferd i heim og i yrke./ Og arven er garden med luter og lunnar, / med arbeid og bøn til i jordi vi blundar.» (Ingolv Bogstad)


Vinnarsongane


Hans Myklebust: «Sjå bygda vår» (eigen tone)

Sjå bygda vår du når i daggry ho vaknar, når dagsljoset stiger og blådimma flaknar, og solstrålar blenkjer på rantar og rindar, og sola ho stig over toppar og tindar.

Sjå breibygda du i den vaknande våren, um morgon når røyksula stig ifrå åren. Sjå einslege gardar og tettbygde grender, og blåblanke vatn millom skogkledde strender.

Høyr storfossar brusar i stupbratte fallet. Høyr storelva susar i langlagde hallet. No gror det og grønkar og groren tek leida frå dalbotnen heilt opp i lia og heia.

Sjå yrande livet ved høgsumarleite. Sjå bølingar vene på tettgrodde beite. Sjå bylgjande åkrar og grasrike vollar frå flata og opp over bakkar og kollar.

Sjå fjelltrange dalar når sumardag sovnar, når skuggane stiger og solljoset dovnar, og eldraudt i blåberg det lyser og brenner, og bleiknande sloknar i brear og fenner.

Sjå bygda i uver når stormane rasar så skogen han vrir seg og kvistene knasar. Og drivgarar sjogar og piskar i villa, og husa dei rister frå mønås til svilla.

Så kvarar ho lunt etter storver og stormar, og stilt under breidsla av nysnøen dormar. Og tusentals stjerner med lysande elden, dei blinkar og skin i den myrknande kvelden.

På tuftene her var det fedrene stulla, her står ho den stova der mor for oss sulla. Her vaks vi og treivst, og her sanka vi styrke, til dugleik og dåd i vårt daglege yrke.

Alt gamalt og godt skal vi styrkja og nøra. Og gamalt og nytt skal vi vidare føra. Med skapande tanke og viljuge hender vi vyrdslar og byggjer i gard og i grender.

I stunder i stilla vi skodar og lyer, med undring vi grundar og tenkjer og tyder. Alt liv fekk sin kime frå Guds skaparhender. Frå æva det kom, til æva det vender.


Elias Skinlo: «Kom lat oss syngja om heimbygda kjære» (mel: Sønner av Norge)

Kom lat oss syngja om heimbygda kjære unge og gamle og liten og stor. I våre tankar ho alltid vil vere, her har dei stræva, han far og ho mor. Her har dei rudt og bygt, heimane står her trygt. Fagraste bustad for gjente og gut. Elvane susar og fossane brusar. Breden den blenkjer på høgaste nut.

Lunt millom fjella ligg bygda med grender, gard etter gard nett som perla på snor. Og kring om vatna ligg frodige strender, inne i dalane grøda og gror. Her er det plass for skog, her er det mold for plog. Her kan ein byggja og her kan ein bu. Steinane skyta, og røtene bryta, tuene velta og vollane snu.

Her har dei bygt ifrå eldgamle dagar, Ættene våre, år etter år. Dyrka si jord som dei gildaste hagar, sumrar og haustar, vintrar og vår. Her var det vent og vidt, her var det trygt og fritt. Her var det bruk for ei god arbeidshand. Heimane byggja. og ættene tryggja, vara og verna si bygd og sitt land.

Vi, liksom fedrene våre vil streva, ærleg og trufast for folk og for heim. Vi liksom dei vil for ættene leva, elska og æra vårt folk her i Breim. Om vi så ute fer, heimbygda er oss kjær. Her har vi minne om far og om mor. Heimbygda kjære den alltid vil vere gildaste staden på heile vår jord.


Absalon Steinsaaker: «Du kjære heim» Steinsaaker nådde ikkje opp i konkurransen i 1953, men songen hans har blitt mykje brukt seinare – og trykt i fleire samlingar. Melodien er som i «Vårt land, vårt land».

Du kjære heim, du fagre heim du gode gamle Breim! Med høge fjell og kvasse tind, med varme sol og svale vind, med bre som glitrar, blank og bjart. Oppover stupet svart.

Eg ser dei høge fagre fjell der fossestupet fell. Dei stend som staute kjemperad. Med bratte stup og blanke svad Med fargebragd om sommarkveld Inn under solskintjeld

Eg ser den breide bygd og dal Der vinden leikar sval Der blenkjer kvite sylv i elv Der lengtande ho renn og skjelv Og vatnet med si bringa bjarte Det speglar skuggen svarte.

Du gamle grend i stråleeld Den vene vinterkveld Di kåpe skein som hermelin Forgylt i herlegt måneskin Høgt oppe stjernebrauta brann På snøen gull eg fann.

0 views

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen