top of page

Pederhusveka 23

Pederhusveka er den største aktiviteten i volum på Pederhuset. Den vert arrangert kring fødselsdagen til Peder Råd som var 14. juni. Målet med Pederhusveka er å gje publikum ei påminning den rike tradisjonen som var vore i området, og å bevisstgjere oss på eigne historier og identitet gjennom ulike kulturelle uttrykk.

På den første Pederhus-veka i 2019 var det også opning av huset, og vi hadde besøk av blant andre Linda Eide, kammerorkesteret Ensemble Allegria, Jørgen Sandvik, forfattar Ove Eide, barnebokforfattar Roald Kaldestad m.fl.

 

I tillegg var det eige samarbeid med barneskulane og stort fokus på det sosiale, m.a med flakedans. Over 100 spelemenn & -kvinner var på scena i løpet av opningshelgja. 

 

Pederhusveka 2020 vart avlyst grunna Covid-19. Det same skjedde med Pederhusveka 2021. 

Pederhusveka 2022 blei gjennomført 17. til 19.juni, med ein nyskriven konsert av saksofonisten Camilla Hole. Jazzmusikaren frå Breim jobba med verket «Eventyrferd» i over eit år før premieren på Råd. Andre gjestar og musikarar var Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Elisabeth Gimmestad, Bjarne Bø, Torbjørn Netland, Ove Eide - og sjølvsagt Sigrid Moldestad sjølv. 

På programmet i 2023 finn vi mange fantastiske namn, og Pederhuset og Pederhusets Vener er sikre på at det blir ei fantastisk helg i juni! 

Transp LOGO Spelemann.png
bottom of page